Hannes historie

desember 4, 2008

Hannes historie, og ikke minst familien sin historie i Jærbladet anbefales for de som vil ha litt innsikt i hvordan det står til når man er på det sykeste med ME.

Foreldra plastra søppelsekker framfor vindauga og tapa over den digitale klokka slik at rommet blei heilt kolsvart. Kvar ei lysstripe var ei påkjenning for 14-åringen.
På gangen spikra far Svein opp ein lettvegg slik at det skulle bli mørkt i gangen når Hanne skulle på toalettet. Sjukesenga og rullestolen kom på plass. Heile familien var i unntakstilstand.

– Me kunne ikkje ha besøk inne i huset, bare snakka med dei på trappa. Kvar ein lyd blei stress for Hanne, fortel Bente.

Tenåringsjenta er eldst i ein syskenflokk på tre, men i to år var ho ikkje i stand til å ha kontakt med broren Ola og veslesystera Mari. Foreldra kunne ikkje stikka hovudet inn og spør korleis det stod til. Det tappa ho for mykje krefter. Svein installerte dermed ei ringeklokke som Hanne ringte på når ho trengde hjelp til å koma seg på toalettet. Elles låg ho fullstendig avskjerma og isolert frå omverda. Ho låg i ein slags døs med mykje smerte og kvalme og hugsar ikkje så mykje frå denne tida.

– Hjernen gjekk veldig tregt, og all informasjon var stress for meg, seier Hanne.

– Det beste for ho var å få fred, seier Bente.

Det tydde at Mari og Ola ikkje kunne ha vener på besøk. Ein periode installerte dei playstation og TV ute i leikehytta, slik at Ola kunne ha nokre kameratar på besøk.

– – –

Ho var fleire gonger heilt på grensa til sjukehusinnlegging, men ho var rett og slett for sjuk til det.

– Sjukehuset hadde ingenting å stilla opp med. Dei hadde ikkje eit rom som kunne blendast og isolerast for lydar og lys slik Hanne trong, fortel Svein.

Dei var i kontakt med heimesjukepleien, men dei fann fort ut at det ville bli for slitsamt for Hanne å ha mange ulike personar å forhalda seg til. Dermed vart det Bente og Svein som var på alerten døgnet rundt.

Disclamer i forhold til LP-kurs og min erfaring fra dem.

7 Responses to “Hannes historie”

  1. TEA Says:

    ME er en absurd lidelse – og det forekommer vanskelig å sette seg inn i tanken til den som bærer lidelsen og til dennes nærmeste! Puh….

  2. tordenlill Says:

    Sterk historie.

  3. Hege Renate Says:

    Ikke lett å lese om slikt.
    Jeg har lest bloggen din flere ganger, men ble i dag anbfalt å følge den av esquil ( så her har du en fan). Han skrev at du har tatt LP og har hatt god erfaring av det.
    Er kjempe glad på dine vegne…*klem*

  4. Beate Says:

    TEA, jeg skal se om jeg finner flere slike tekster og. Det er noen hos en blogger som heter Esquil. Og av ot il drypper det inn noe fra aviser og media.

    tordenlill. Det er den. den og.

    Velkommen Hege Renate! Takk!🙂

  5. Beate Says:

    Tor, jeg har forsøkt å legge inn en kommentar i bloggen din, men den kommer ikke frem.

  6. Jenna Says:

    Me kan ikke forstås. Det må oppleves.


Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: